Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!
Målsetjing:



 

 

MÅLSETJING:
Aksjonsgruppa for heving av U-864 har som mål å påverka myndighetene til å velja ei løysing der ein hevar ubåten og fjernar kvikksølvet. Tildekking av vraket slik Kystdirektoratet tilrår, er ikkje eit akseptabelt alternativ. Tildekking vil vera ein permanent risiko der ein ikkje har kontroll med kva som i framtida kan skje med dei om lag 65 tonna med kvikksølv som vert liggjande i ubåten.
Vi vel å tru at ei kontrollert fjerning av miljøgifta er den beste løysinga og dette meiner vi må skje raskt. Vi vil kjempa for dette med ulike midlar. Og med den formidable støtta vi har fått frå enkeltpersonar, lag, organisasjonar, kommunar, politikarar og politiske parti og ikkje minst fagfolk som seier at det lar seg gjera å fjerna kvikksølvet, krev vi at ubåten må hevast.

 

KVA HAR VI GJORT:
Vi har arrangert fakkeltog.
Meir enn 300 menneske møtte opp trass i ruskevær med regn og sterk vind. Med både fjernsyn, radio og ulike aviser på plass vart oppropet til statsminister Jens Stoltenberg lese opp. Fylkesvaraordførar, fylkestingsrepresentant frå Kristeleg folkeparti, nestleiar i Hordaland Arbeidarpartiet, representantar frå Fremskrittspartiet, Demokratane og naturvernforbundet og varaordføraren i Fedje kommune heldt appellar.
Fakkeltoget gjekk så frå tusenårsstaden til trafikksentralen.

Marie Karlsen, Reidun Moldøen og Lisbeth Stuberg var i møte med statssekretær Vidar Ulriksen i Kyst- og fiskeridepartementet. I dette møtet kom det fram at departementet ville saman med Kystverket vil sjå på saka på nytt.

Postkortaksjonen:Me har satt i gong ein postkortaksjon. Aksjonen for å påverka myndigheitene til å fjerna kvikksølvet heldt fram. Ferdig trykte postkort med krav om at kvikksølvet vert fjerna, signer og send kortet til statsministeren eller fiskeriministeren.


 
 
 
 
Attende til start
Copyright©2007 Folkeaksjonen